Plattformsjef Peter Josvald Brandal bur like ved Kvitnesvegen på Brandal i Hareid kommune – ein smal veg som går tett inntil nova på huset hans.

Brandal fortvilar over at han igjen skal bli plaga av trafikk frå storbilar og støy frå fôringsanlegg på oppdrettsanlegg like utfor land.

– Vi har hatt det stilt og fredeleg etter at torskeoppdrettaren Atlantic Codfish gjekk konkurs for eit par år sidan. Eg håper politikarane tek til fornuft, og seier nei til SalMar Rauma sin søknad om å etablere eit endå større oppdrettsanlegg her, seier Brandal.

Les også: - Soleklart at området skal brukast til oppdrett

Enormt

Hareid historielag har også engasj ert seg i saka:

– Det er ikkje berre bumiljøet dette går ut over, seier Einar Holm og Finn Sindre Eliassen i historielaget.

– Det planlagde anlegget er langt større enn det førre: Forankringspunkta strekkjer seg frå småbåthamna på Brandal og to kilometer utover, nesten ut på Kvitneset, blant anna forbi Englandsvika, den beste fiskeplassen ved Hareidlandet, seier dei.

Dei påpeikar at dette også er eit populært utfartsområde for folk frå heile søre Sunnmøre.

Overgrep

– Bumiljøet vert øydelagt, tilhøva for fritidsfiskarane likeins, og eit unikt naturområde vert forringa. Vert dette gjennomført, er det ikkje mindre enn eit overgrep mot både dei fastbuande og alle oss andre, seier Einar Holm.

Eliassen viser til at Kvitneset også har verdfulle kulturminne, eit nokså intakt kystfort bygd av tyskarane, og at dette er ein stad for store arrangement.

– Argumentet er at dette gjev arbeidsplassar, men faktum er at eit slikt anlegg har behov for berre eit par mann til å halde tilsyn. I beste fall vert det ein huseigar som tener nokre ekstra kroner på å leige ut hybel, trur Holm.

Visuell forsøpling

Brynjulf Stige arbeider ved Universitetet i Bergen, men bur ved Kvitnesvegen delar av året.

– Fiskeplassar vert øydelagde, naturområdet ved Kvitneset vert forringa, og for oss som bur her, vert det ikkje akkurat visuelt til pynt å få eit endå større oppdrettsanlegg midt i utsikta, seier han.

<strong>Protest:</strong> – Her skal storbilane til anlegget køyre, konstaterer huseigar Peter Josvald Brandal, som her pratar med Finn Sindre Eliassen og Einar Holm frå Hareid historielag.