Ved Digernesskiftet er det laga til ein staseleg busstopp, men alle bussar susar forbi.
Med tida skal bussreisande gå til busskuret og trykke på ein knapp som gjev stoppsignal til bussen som er under vegs. Før dette utstyret er på plass ligg den nye busstasjonen ubrukt.