Helse Møre og Romsdal gjekk måndag ut med kva område dei vurderer innsparingar.

Administrerande direktør Astrid Eidsvik understrekar at dette er eit forslag som det blir arbeidd med. På eit seinare tidspunkt vil styret gjere vedtak.

– Men vi har fått ei veldig klar bestilling frå styret i Helse Midt om å legge fram eit budsjett i balanse, seier ho.

Kuttlista vart lagt fram måndag klokka 15.15 i eit pressemøte på Ålesund sjukehus.

Samtidig fekk tilsette ved kirurgisk avdeling ved sjukehuset i Volda vite i eit allmøte at akuttkirurgisk funksjon ved sjukehuset står i fare for å bli flytta til Ålesund.

Varslar aksjonar

Ordførar Arild Iversen i Volda seier dette er ei økonomisk ugunstig løysing og varslar aksjonar dersom det blir slik.

– No må vi kjempe fram til styremøtet i desember. Blir dette tilfelle, vil det førte til eit dårlegare tilbod for pasientane på søre, seier Iversen til Sunnmørsposten.

Iversen meiner at arbeidsgrupperapportane viser at ein vil spare 2,3 millioner kroner på å leggje ned akuttkirurgien.

- Det er eit stort grep, og ein veldig liten innsparing med stor fare for at det vil smitte over på andre funksjonar. Eg fryktar for tilbudet innanfor indremedisin, føde og rekruttering. På sikt vil det vere øydeleggjande for eit velfungarande og godt lokalsjukehus. Blir dette resultatet er eg svært alvorleg bekymra, og vi er nødt til reagere fram mot styremøtet i desember, seier Volda-ordføraren.

Fødetilbodet ved sjukehuset får leve, ifølgje forslaget.

– Garanterar pasienttryggleik

Helsedirektør Eidsvik seier det er få pasientar det er snakk om - og at allereie halvparten av pasientane reiser til Ålesund i dag.

Ho vil ikkje tallfeste innsparinga frå forslaget.

Helsedirektøren seier at ho har forståing for at fagmiljøa ikkje er samde, men at ho garanterar for tryggleiken til pasientane.

Kuttlista

Dette er forslaga til kutt i Helse Møre og Romsdal:

Kirurgi: Akuttkirurgien blir lagt ned ved Volda sjukehus og flytta til Ålesund sjukehus.  Akuttkirurgien i Kristiansund blir flytta til Molde. Urologi blir vurdert særskilt

Pediatri: Vurdere å samle døgntilbodet ved Ålesund sjukehus.

Gynekologi/føde: Vurdere å samle fødetilbodet i Nordmøre og Romsdal ved eitt av sjukehusa

Ortopedi: La Kristiansund sjukehus få hovudansvar for ortopedien i Nordmøre og Romsdal. Ingen endring på Sunnmøre.

Barneavdeling: Vurdere å samle helt eller delvis døgntilbudet ved barneavdelinger i Ålesund.

Alderspsykiatri: To sengeposter - en på Hjelset og en i Ålesund - vurderes samlet i Ålesund.

Poliklinisk: Desentralisere polikliniske tilbud fra Ålesund sjukehus.

Sikkerhetspsykiatri: Det er satt ned en arbeidsgruppe som skal levere en rapport og det vurderes å samle dette ved Brøset i Trondheim

Sprekk på løn

Kvar sprekk vi på i budsjettet i dag? spurde Eidsvik på møtet og svarte sjølv:

– Kvardagseffektivisering: Det er der vi kan hente mest på økonomisida, seier Eidsvik.

– Det er på legeløn, fastløn, variabel overtid og innleige av vikarar. Vi ser det i år og såg det i fjor. Tendensen er enno tydelegare i år enn den var i fjor, legg ho til.

Eidsvik lova at alle lokalsjukehus skulle gje øyeblikkeleg hjelp til dei største pasientgruppene.

– Her er det flest pasientar, og flest med høg hastegrad. Dette tilbodet skal vi sikre ved alle sjukehusa våre, sa Eidsvik.

Helse Møre og Romsdal har også sjølv lagt ut kuttforslaget på si nettside

I eit allmøte måndag ettermiddag fekk tilsette ved kirurgisk avdeling i Volda vite at akuttkirurgien kan bli lagt ned. Foto: Svein Aam