Det viser ein rapport frå Telemarksforsking. Fjord er den vedtekne samanslåinga av kommunane Stordal og Norddal.

– Dette endrar føresetnadene i dramatisk retning, seier Stordal-ordførar Eva Hove (Ap).

– Kan det bety at det stoppar samanslåinga av Stordal og Norddal?

– Det kan eg ikkje svare på no, men vi kan miste mykje av inntektsgrunnlaget, seier Hove.

I rapporten frå Telemarksforsking kjem det fram at dei statlege overføringane vil bli kraftig redusert om dei to bygdene går til Stranda.

Forskarane Audun Thorstensen og Kjetil Lie har nemleg sett på økonomiske konsekvensar av ei mogleg grensejustering mellom Norddal og Stranda kommunar.

– Oppsummert konkluderer vi med at en eventuell grensejustering/deling ikke vil være økonomisk fordelaktig verken for Norddal kommune eller en sammenslått Fjord kommune, bestående av Stordal og Norddal, skriv dei to i rapporten.

foto
STRID: Dei to bygdene Eidsdal og Norddal ligg på sørsida av fjorden. Dei høyrer til Norddal kommune, men fleirtalet i desse to bygdene vil til Stranda. Foto: SMP GRAFIKK

15 millionar mindre

– For nye Fjord kommune er det snakk om ein svikt på ca. 15 millionar kroner i året, seier Norddal-ordførar Arne Sandnes (Sp).

Han meiner dette kan truge heile eksistensen til Fjord kommune.

– Det er no ein reell frykt for at Stordal trekkjer seg frå samanslåinga, seier han.

Medan Eva Hove kallar rapporten dramatisk, tar Sandnes endå hardare i og meiner det er snakk om ei økonomisk katastrofe om styresmaktene lar dei to bygdene på sørsida av fjorden få gå til Stranda.

– Eg vil kalle det eit skrekkscenario, seier han.

I dei to bygdene som vil til Stranda bur det 492 personar. Det utgjer 29 prosent av innbyggartalet i noverande Norddal kommune.

Sandnes meiner difor at dersom dei to bygdene blir flytta til Stranda, er det ikkje snakk om ei grensejustering, men ei deling av Norddal kommune.

Stranda tener

Stranda kommune vil derimot tene økonomisk på å innlemme Eidsdal og Norddal.

Ikkje uventa har formannskapet i Stranda denne veka vedteke at dei stiller seg positiv til ei grensejustering der bygdene Eidsdal og Norddal blir ein del av Stranda kommune.