Det nøyaktige beløpet som er på veg frå Norsk Tipping er 1.170.840 kroner.

Tippeselskapet fortel at det altså var ei kvinne busett i Volda kommune som vart trekt ut som tysdagens Extra-kandidat. Kvinna var ikkje med på telefonen under trekninga.

Kunne fått to millionar

Ho var garantert 260.185 kroner i inngangspremie. Heilt på toppen av premiestigen låg som vanleg to millionar kroner.

Kvinna var altså ikkje med på telefon under trekninga som vart vist på TV. Volda-kvinna hadde to av dei utvalde tala på spelebrettet sitt og enda opp med nesten 1,2 millionar kroner.

På andre forsøk tok ho telefonen då Norsk Tipping ringde henne. Dette svarte ho:

Søkte opp nummeret

– Eg kjende ikkje igjen nummeret, så eg svarte ikkje. Men eg vart litt nysgjerrig, så eg søkte opp nummeret. Då så eg at det var frå Hamar, og fekk ei aning om kva det var, sa kvinna.

– Dette var kjempekjekt. Dette vart litt av ein tysdag, la Extra-millionæren til.

Ho sa også at ho vil bruke litt tid på å finne ut kva ho skal bruke pengane på.

Vinnarkupongen hadde kvinna kjøpt på mobilen.