– Ein mann i 20-åra er tiltalt for grov kroppsskade etter ei valdsepisode i eit garasjeanlegg på Moa i Ålesund i april i år. Ein mann 40-åra skal ha blitt skalla ned og slått to gonger i ansiktet av mannen i 20-åra.

Det melder NRK Møre og Romsdal.

Då Sunnmørsposten omtalte saka, uttalte politiet at dei såg på valden som svært alvorleg. Den fornærma mannen skal ha fått brotskader i ansiktet, og måtte til St. Olavs Hospital i Trondheim for å utbetre skadane.

Politiet meinte det var berre flaks som gjorde at det ikkje gjekk verre.