Statens vegvesen har vurdert å legge ny E39 ute i Skodjevika, tett ved Flåteholmen (til høgre i bildet). Til venstre i bildet går dagens E39. Foto: Staale Wattø/Arkiv

Vegvesenet melder at dei held ope informasjonsmøte om E39/136 Digernes-Ørskogfjellet.

Møtet er onsdag klokka 18.00 på Gomerhuset på Skodje.

Vegvesenet har no utarbeidd ein såkalla silingsrappport. I møtet vil dei fortelje kvifor dei har kutta ut nokre av forslaga til trasé.

Frå Vegvesenet møter prosjektleiar Harald Inge Johnsen og planleggingsleiar Tone Hammer. Representant frå Ålesund kommune vil også vere til stades.

Høyringsperioden går fram til 15. februar.

Det er venta at E39/136 Digerneset-Ørskogfjellet skal bli motorveg med 90-grense.

Vegvesenet har vurdert å legge vegen på ei sjøfylling ute i Skodjevika, og deretter gjennom Solnørdalen.

I ein innleiande fase i 2021 var det mange som kom med innspel. Bukvalitet og naturkvalitet var det som folk var aller mest opptatt av, ifølgje leiar Tore Johan Øvstebø i planutvalet i Ålesund kommune.

Kommunen kom sjølv med fleire eigne innspel, blant anna dette: 1) Dei som bur på Svorta/Valle/Håhjem må skjermast, særleg for støyplager. 2) Natur- og miljøkvalitetane på Ørskogfjellet, Landedalen og i Solnørdalen må vege tungt. 3) Det er i tillegg store myrområde på Ørskogfjellet som ikkje har vore kartlagt.

Vegvesenet ville starte høyringsrunden i mai 2022. Så tok dei sikte på å legge planane ut på høyring ved skulestart i august, og deretter 1. oktober. Høyringsfristen som Vegvesenet no har sett er 15. februar.