Mannen i 50-åra køyrde båt heim frå ein fest i ålesundsområdet i fjor sommar. Då han la til kai, var politiet på plass.

Politiet mistenkte ruspåverka køyring, og prøve som blei tatt av båtføraren ein times tid etter båtturen, viste at han hadde tilsvarande 1,88 i promille.

Mannen har tilstått forholdet, og Møre og Romsdal tingrett har dømt han til fengsel på vilkår i 24 dagar, med to år prøvetid.

Han må også betale 20.000 kroner i bot. Vidare har han fått eitt år køyreforbod for fritidsbåt som krev båtførarbevis.