Snart skal Stortinget bestemme om Møre og Fjordane Heimevernsdistrikt, også kjent som HV-11, skal bestå eller leggjast ned.

Dermed kan lagførarkurset på Setnesmoen i oktober ha vore eit av dei siste i HV-11.

Julie Hjermstad jobbar som presse- og informasjonsoffiser i HV-11, og var med på kurset fire dagar. Det er ho som har tatt bildeserien over.

Julie Hjermstad. Foto: Privat

– Deltakarane er soldatar som har gjort ein ekstra innsats på treningar. HV-soldatane fekk dermed tilbod om dette kurset som varte to veker, for å bli befal og få leiarutdanning, seier Hjermstad.

Tidlegare har Hjermstad dekka eit tilsvarande kurs på Dombås som presseoffiser.

– Var det noko spesielt du merka deg denne gongen, under lagførarkurset i HV-11?

– Ja, det var det. Det var utruleg god stemning og mykje positive folk, seier Hjermstad til smp.no.

Men i tillegg var det også ein del snakk om at HV-11 kanskje skal leggjast ned i nær framtid, fortel ho.

– Det prega alle saman. Det er få veker til dette blir bestemt, seier presseoffiseren.

Får uansett mykje større ansvar

Distriktssjef oberstløytnant Per Olav Vaagland i HV-11.

Per Olav Vaagland er distriktssjef i HV-11. Han har ansvar for rundt 30 fast tilsette og rundt 3.000 soldatar.

Han fortel at Heimevernet snart får ansvar for mange fleire objekt i Møre og Romsdal og i Fjordane.

– Talet på objekt blir cirka firedobla, seier Vaagland til smp.no.

Han vil ikkje vere konkret på bakgrunnen for dette.

– Dette er graderte opplysningar. Men det er objekt som har betydning for Forsvaret.

– Dette er vurderingar som er gjort over tid, det er ingenting akutt som ligg bak, understrekar Vaagland.

– Korleis kan Heimevernet beskytte mange fleire objekt dersom HV-11 blir lagt ned?

Særleg dersom det skjer fleire hendingar samtidig rundt om i landet, ser Vaagland at Møre og Romsdal og Fjordane blir svekka.

Heimevern, politi og politisk leiing

Det er allereie vedtatt at politiet i Møre og Romsdal er eit eige politidistrikt. Vaagland syns det er mest logisk om politiet, forsvaret og dei politiske regionane har samanfallande struktur.

– Og her i Møre og Romsdal har vi i alle fall eit svært godt samarbeid med politiet, seier HV-11-sjefen og viser til at det ifølgje avisene ikkje er slik alle stader i landet.

– HV-11 har hatt et utmerkt samarbeid med politiet om førehandsplanlagt bistand til Nyhamna, og politiets utrykkingseining har hyppig trent med HV-11. Og mitt samarbeid med politimeister Ingar Bøen er svært godt, seier han.

– Er det fare for at dette blir siste lagførarkurs i HV-11?

– Det trur eg ikkje. Dersom vi blir vedtatt nedlagt av Stortinget, har eg anbefalt at vi får verke som normalt til etter at den store NATO-øvinga i oktober 2018 er ferdig. Eg ser ingen andre som kan ta vår jobb med å ta i mot så store styrkar som er planlagt ilandført i Møre og Romsdal.