Han er dagleg leiar i det vesle familieeigde Sykkylven-firmaet Confurn, som har fått oppdraget med å levere alt av møblar og interiør.

Dei har i årevis vore «hoffleverandør» til Hotel Alexandra nede ved fjordbotnen, og denne gongen har dei leigd inn fleire folk for å få alt på plass til restauranten som vil ha sitteplass til kring 300 personar.

(saka held fram under)

Dronninga opnar

Nokre meter vekke er kona, Elisabeth Sørvik, i full sving med å montere dei første av kring 50 bord.

– Det er rart å stå og montere møblar når alt det andre ikkje er klart, men det må vi gjere for å bli ferdige, seier Sørvik som er einaste kvinna som er i aktivitet i «maurtua» av arbeidsfolk.

Når «Loen Skylift» opnar 20. mai, må alt vere klart, for på opningsdagen kjem sjølvaste dronning Sonja til lunsj:

– Det er ikkje nokon tvil om at dette er eit prestisjeoppdrag, seier Løseth nøgd.

(saka held fram under bilda)

– Lokal verdiskaping

Å velje lokale leverandørar har vore eit vesentleg poeng for primus motor i prosjektet, Richard Grov.

– Det er heilt bevisst og handlar om lokal verdiskaping, tilknyting og identitet, påpeiker han.

Av den totale prisen på 300 millionar for kjempeprosjektet, anslår Grov at minst to tredelar går til lokale firma. Bygginga av sjølve gondolbana kostar 70 millionar og desse pengane går til sveitsiske Doppelmayr Garaventa.

Men elles er ei lang rekkje med bedrifter frå Nordfjord og Sunnmøre med.

Her finn vi alt frå stålbjelkar frå Stryvo og flytebrygger frå Vik Ørsta, til sofagrupper frå Byggmøbler Sykkylven og bardisk frå Sula-bedrifta Limstrand Interiør. Og det er berre nokre døme.

(saka held fram under)

– Vilje til å gjennomføre

Hovudentreprenøren HS Bygg kjem også frå Stryn. Anleggsleiar Åsgeir Tomasgard fortel at den lokale tilknytinga har gitt utslag i arbeidet.

– Det har vore heilt spesielt. Folk har vist ein enorm vilje til å gjennomføre arbeidet. Alle er opptekne av at vi skal kome i mål, og dei har møtt opp når vi har trengt dei. Om vi har trengt å ha ein støyp klar, så har dei møtt opp og jobba overtid om nødvendig, fortel han.

Lokale leverandørar handlar sjølvsagt også om kva som er praktisk, ikkje minst om ein treng hjelp i ein fei.

Om ein hadde hyra inn eit «utanbygds» firma til sjølve jobben, er det ikkje sikkert at den lokale konkurrenten er like villig til å stille på kort varsel om det oppstår ei krise.

– Og om lokale firma skal bli betre, må dei få levere til krevjande prosjekt, seier Tomasgard.

(saka held fram under)

– Bygd på rekordtid

HS Bygg har sjølv gjort det omfattande – og svært krevjande – betongarbeidet. Tomasgard er ikkje i tvil om at dette er det mest omfattande prosjektet dei har vore med på.

Og av ein omsetnad på meir enn 100 millionar går mykje til underleverandørar, som mellom anna består av lokale røyrleggjarfirma, elektromontørar, ventilasjonsbedrifter og taktekkarar.

– Det har vore intenst, og alt er bygd på rekordtid. Nesten litt raskare enn vi likar, fordi det er vanskeleg å utnytte ressursane optimalt, seier han.

Sjå video:  Bli med gondolen utfor stupet

Her skal 40.000 miste pusten - men billeg blir det ikkje

Er i rute til opning

Heilt frå ideen om ein gondolbane med tilhøyrande turstiar kom på bordet, har det på mange vis vore eit unikt prosjekt. Satsinga er i ein skala ein knapt har sett maken til i reiselivet på Nordvestlandet. For dei som har utført arbeidet, har plasseringa på toppen av fjellet Hoven, gitt dei største utfordringane.

– Det har i stor grad vore eit logistikkprosjekt ettersom store delar skjer på ein fjelltopp der det er lite lagringsplass. Då er det viktig å få ting på plass til rett tid og at det er rett mengde, påpeiker Tomasgard.

– Og kjem de i mål til dronninga kjem?

– Ja, svarer han utan å nøle:

– Vi er i rute til opninga, men nokre småting vil stå att, mellom anna fordi det krev temperaturar som vi ikkje har på tusen meters høgde i mai, avsluttar han.