Sunnmøre har stor mangel på soningsplassar, og Ålesund fengsel tilfredsstiller ikkje dagens krav til soning. Men på Digernesskiftet i Skodje kan eit nytt soningssenter vakse fram.

No har Nordplan AS, på oppdrag for Skodje Næringspark AS, utarbeidd eit forslag til reguleringsplan for soningssenteret.

Ikke penger i statsbudsjettet til nytt soningssenter

Rundt 100 plassar

Med sakspapira følgjer også ein video og illustrasjonar med 3D-animasjon av korleis området kan bli. Dette er meint for å illustrere arealbehov og volum.

Planen legg opp til bygging av soningssenteret i fleire trinn.

– I utgangspunktet har vi tenkt at det i første trinn blir rom for cirka 96 innsette. I neste omgang er det rom for ei dobling og meir til, seier Hansen.

Dårlegast i landet

Dette vil i så fall bety ein stor oppgradering frå dagens 27 soningsplassar i Ålesund fengsel, som skal dekkje heile Sunnmøre.

– Sunnmøre har truleg den dårlegaste dekninga i heile landet. Behovet er stort, seier regiondirektør Per Sigurd Våge i kriminalomsorga.

– I tillegg er bygget Ålesund fengsel 152 år gamalt og har for lengst spelt ut sin funksjon slik ein ser kriminalomsorg i dagens samfunn.

Av alle nybygg i regionen har Sunnmøre øvste prioritet.

Utdatert Det 152 år gamle bygget i Ålesund sentrum har for lengst spelt ut sin funksjon. – Det er for lite, og fasilitetane er langt frå det ein kan stille krav om og forvente i dag, seier regiondirektør Per Sigurd Våge. Foto: Nils-Harald Ånstad

Fanget og innelåst i bysentrum: Bli med innenfor Ålesund fengsel

Talla si klare tale er følgjande, fortel Våge: Medan det i Norge er 75 soningsplassar per 100 000 innbyggar, har Møre og Romsdal 30. Og dette inkluderer Hustad fengsel med nær 50 plassar utanfor Molde.

– For Sunnmøre står det enno dårlegare til. 27 plassar for nesten 200 000 innbyggarar gir rundt 15 plassar per 100 000, seier han.

Mange må sone langt heimanfrå, og det finst eksempel på at personar slepp fri frå varetekt grunna manglande plass.

Politisk hard kamp

Men så var det dette med politisk gjennomslag, då. Våge seier dei møter stor forståing hos politikarane.

Særleg lokalt er det mange som jobbar for prosjektet. Endeleg gjennomslag er derimot ikkje så lett, og det vart ikkje sett av midlar i statsbudsjettet for 2017.

Lokalt i Skodje kommune går i alle fall prosessen framover. Planforslaget skal opp i planutvalet tysdag, og følgjer vanleg saksgong, seier ordførar Dag Olav Tennfjord i Skodje kommune. Han understrekar at fengselsvesenet ikkje har vore inne enno, og at dei forventar justeringar.

– Det som er viktig, er at vi har ein regulert tomt med avklarte forhold til naboar og tilkomst til bil-, gang- og sykkelveg, seier han.

Har trua

Ringverknader – Soningssenteret blir viktig for å etablere Digernes som eit regionalt knutepunkt, og vil få mange positive ringverknadar, som arbeidsplassar og tenester i nabolaget, seier Dag Olav Tennfjord (H). Foto: Staale Wattø

Formelt er statusen at justisdepartementet skal gjennomføyre ein såkalt KVU – konseptvalutgreing – for Vestlandet.

– Vi har fire andre fengselsregionar i Norge, og alle har sine behov. No må vi få vist kvifor behovet er størst her, seier Tennfjord, som oppfordrar lokalpolitikarar i alle parti til å flagge behovet på sine årsmøte.

– Kampen for midlar er hard, men noko anna kunne eg ikkje forventa, seier han.

– Blir det soningssenter på Digerneset?