– Mange skal feriere i Noreg også i år. Vi forventar mykje sommarferietrafikk over heile landet, særleg langs dei mest populære strekningane. Ver førebudd på kø og forseinkingar både på vegar og ferjesamband. Slik unngår du stress og bidreg til at alle kjem trygt fram dit dei skal, seier avdelingsdirektør Nils Audun Karbø i Statens vegvesen.

Mange stader i landet var torsdag eller fredag siste skuledag før sommarferien, og ferieutfarten er dermed i gang. Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) besøkte i det høvet Vegtrafikksentralen aust fredag, der han vart orientert om arbeidet dei gjer.

Fleire dødsulykker

Denne våren har det vore tre gonger så mange dødsulykker samanlikna med i fjor. Så langt i juni har åtte personar omkomme i trafikken. I fjor omkom til saman 29 personar i juni, juli og august.

– Dette er ei utvikling i feil retning. Sommarmånadene ligg av erfaring høgt på ulykkesstatistikken. Det er ein periode med mykje trafikk, og farten er generelt sett også høgare. Dette gir større risiko for ulykker, seier avdelingsdirektør for trafikktryggleik i Statens vegvesen, Guro Ranes.

Berekn god tid

Høg fart og det at ein er uoppmerksam og trøytt medverkar til over 40 prosent av dei alvorlegaste ulykkene.

Ferietida inneber at mange køyrer langt og på vegar dei ikkje er vane med å køyre på. Det krev merksemd, konsentrasjon og overskot, påpeikar Ranes. Berekn god tid, ta pausar, og byt sjåfør viss du kan, er oppmodinga.

– Dei tre viktigaste råda våre er i tillegg: Hugs bilbelte, hald fartsgrensene og køyr rusfritt, så blir vegen meir sikker både for deg sjølv og andre, seier ho.

(©NPK)