Forsvarsministeren seier til Dagbladet at målet er at fleire skal velje førstegongsteneste. For å få til dette vil han ha fleire innrykk i året og at rekruttskulen skal takast ut av dei operative avdelingane. Gram vil også ha meir fleksibilitet slik at fleire kan bli lengre enn eitt år i Forsvaret.

Han understrekar at det ikkje kjem av at det er nokon fare for eit angrep på Noreg, men seier at Russlands retorikk og den tryggingspolitiske situasjonen gjer det viktig å vise at ein har eit sterkt forsvar.

– Vi har ein annan tryggingspolitisk situasjon, og derfor blir det naturleg å setje inn meir ressursar no, seier han.

Ifølgje Folk og Forsvar gjennomfører rundt 7.500 kvinner og menn førstegongstenesta kvart år. Det tilsvarer 13 prosent av kvart årskull.

I sitt fagmilitære råd frå 2019 tilrådde forsvarssjefen at ein aukar talet på dei som gjennomfører førstegongstenesta til 15.800 årleg, altså meir enn ei dobling frå dagens nivå.

(©NPK)