Det meiner Oddbjørn Vatne, tidlegare leiar i samferdsels- utvalet i fylket. I eit lesarinnlegg i Sunnmørsposten kjem han med eit nytt forslag til E39-trasé over Svartløken. Han foreslår ein tunnel på bortimot 10 km mellom Tomrefjord og Fylling i Skodje (lilla strek).

Vatne ser ei rekke fordelar med forslaget.

– E39 vil med dette forslaget ikkje dele det populære friluftsområdet Svartløken i to.

Nesten flatt – få konfliktar

Ny trasé: Oddbjørn Vatne er tidlegare leiar av samferdselsutvalet i fylket. Arkiv Foto: Knut Arne Aarset

Med Oddbjørn Vatne sitt nye forslag, vil høgste punkt ligge under 100 meter over havet. Dette blir ein langt flatare E39 enn det Vegvesenet har foreslått, der traseen går opp til 240 meters høgde gjennom Svartløken (K3.1).

Til samanlikning er høgste punkt på dagens E39 over Ørskogfjellet 330 m.o.h.

Også Solnørdalen med sårbar natur slepp unna. Dei fleste lokale politikarane vil legge vegen over Ørskogfjellet. Som ein snarveg utanom Sjøholt, er det planar om å legge vegen gjennom Solnørdalen.

Raudlista elvemuslingar

Dette syns Oddbjørn Vatne er sterkt kritikkverdig. Då vil vegen gå ved Solnørvassdraget, som er varig verna mot kraftutbygging. I tillegg til å vere lakseelv, inneheld vassdraget også store mengder elvemusling, som er ein raudlista art.

Musling: Som Svortevikbekken (bildet) har også Solnørelva verneverdig elvemusling. Foto: Arkiv

Lang tunnel

Vegvesenet på si side meiner at konfliktpotensialet med K2 gjennom Solnørdalen samla sett blir lite. Då er dei meir skeptisk til den lange tunnelen som Oddbjørn Vatne foreslår.

Tunnel opp mot 10 kilometer er for så vidt ikkje utelukka.

– Formelt i vegnormalane går det ei grense på 10 kilo- meter. Over 10 km skal det vere to løp. Så skal det gjerast ei risikovurdering i kvart enkelt tilfelle, kor mykje farleg gods som blir frakta, og trafikkmengda til dømes. Vi forsøker derfor å halde oss eit stykke under 10 km, seier Håvard Austvik i Vegvesenet til Sunnmørsposten.

Dyrare blir det også.

– Tunnel er minst like sikkert som veg i dagen, men kostnaden er tre gonger så dyrt. Til dyrare det blir, til lenger unna er vi kravet frå Stortinget om kostnadsreduksjonar. Og til vanskelegare blir det å få realisert vegen, seier Austnes.