No vil dei gå i drøftingar med andre kommunar om ei eventuell samanslåing frå 2020. Det har formannskapet samrøystes vedteke, etter framlegg frå Frank Sve (Frp). Stranda set no ned eit utval med ein representant frå alle parti i kommunestyret.

Mandatet deira er å gjennomføre sonderingar med andre aktuelle kommunar, slik som Sykkylven, Ålesund, Volda/Hornindal og nye Fjord kommune.

Utvalet skal lage analysar knytt til både økonomi og tenestetilbod ved ulike samanslåingsalternativ.

Det vert lagt opp til at utvalet skal leggje fram resultatet av sitt arbeid for kommunestyret innan 1. oktober i år.