– Ut på sommaren, når silde-yngelen har drifta nordover eller ut i havet, er det ofte berre den vesle tobisen igjen å lite på for sjøfuglane langs kysten.

Det seier Nils-Roar Hareide ved Runde Miljøsenter.Tobis er eit fiskeslag som kan vere mat til sjøfugl. Om fugleparet finn lite tobis, kan ungane svelte i hel før dei er flygedyktige.

– Den er ein nøkkelart mellom plankton og sjøfugl. Den er også svært viktig for større fisk, seier Hareide.

Likevel veit forskarane nesten ingenting om bestandane av denne vesle, men truleg svært viktige tobisfisken som held til langs kysten.

Del 1: Kan støvsuge havet etter fiskeyngelDel 2: – Ingen kollaps i Nordsjøen

Gåte

– Ved hjelp av intervju med fiskarar har vi funne at tobisbestanden langs norskekysten har minka kraftig. Dét kan vere ei av dei viktigaste forklaringane på at det har blitt færre sjøfugl, seier Hareide. – Også kysttorsk har det blitt færre av. Det kan svært gjerne vere ein samanheng.

Men kvifor skjer det? Og kan noko gjerast for å snu utviklinga?

– No er Runde Miljøsenter i gang med den aller første systematiske kartlegginga av tobis langs norskekysten. Og vi startar sjølvsagt ved Runde. Arbeidet blir gjort i samarbeid med Norges geologiske undersøkingar (NGU), og etter kvart skal Havforskingsinstituttet med i arbeidet.

Merkeleg

– Det er heilt merkeleg at ingen har tatt fatt i dette før, seier Nils-Roar Hareide. – Sidan 2005 har eg masa på og hatt møte med havforskarar og fugleforskarar, og med fiskeri- og naturmyndigheiter, og lagt fram at nokon må sjå på det. Det er ei gåte for meg at det har gått så lang tid, seier Hareide.

Først på årets statsbudsjett fekk Runde Miljøsenter løyvd pengar til å arbeide med dette, som dei første i landet.

Fem metodar

Tobis lever store delar av livet nedgraven i sand. Om sommaren kjem den opp om natta for å beite i sjøoverflata. Den krev ein spesiell type sand på leveområda sine.

På fem ulike måtar prøver forskarane no å finne ut av denne viktige men lite kjende fisken:

  • Ta opp sandprøver.

  • Kartlegge med ekkolodd.

  • Snakke med fiskarar.

  • Ta bilde av havbotnen.

  • Analysere genetiske prøver.

Nedslåande

For berre ei halv veke sidan kom det ein ny rapport om sjøfugl og marine økosystem.

– Tilstanden til tobisbestanden frå Jæren til Stad er lite kjend, står det i rapporten. – Tilbodet av mat for sjøfugl er på eit lågt nivå. Dette gjeld spesielt tobis, står det vidare i rapporten, som er utarbeidd av Norsk institutt for naturforsking og Havforskingsinstituttet.

Nils-Roar Hareide legg ikkje skjul på at han meiner det hastar.

– Skal fuglane døy medan forskarane bruker tida si på å skrive nye rapportar med gammal kunnskap, spør han syrleg.

Lokalt

Havforskarane har lang erfaring med å finne ut av fisken som held til ute i dei store havområda. Dette kan gjerast med store båtar med base i til dømes Bergen, Trondheim og Tromsø.

– Langs kysten må det gjerast på ein annan måte, understrekar Nils-Roar Hareide.

– Det trengst lokal kunnskap. Og det er nødvendig å samarbeide med dei som bur her. Det er også billegare at kartlegginga blir gjort av folk som bur her, seier han før han legg til:

– Det trengst sterke fagmiljø i dei store byane, men det er også heilt nødvendig med små forskingsmiljø langs kysten.

Pilotprosjekt

Det som Runde Miljøsenter no er i gang med er eit ledd i ei brei og tverrfagleg kartlegging av havbotnen frå Stad til Ålesund. Med på laget er fem kommunar på Søre Sunnmøre, Kartverket og NGU.

Om tobiskartlegginga blir vellukka, skal tilsvarande kartlegging gjerast også andre stader langs kysten.

– Dette er det heilt nødvendig å gjere om vi skal kunne diskutere det med sjøfugl vidare, meiner Hareide.

Internasjonalt

Nedgangen i talet på sjøfugl rammar fleire land. Frå Midlothian i Skotland og Reykjavik på Island kjem det i dag forskarar til Herøy på sjøfuglseminar.

Dei håper å finne ut kva som kan gjerast for sjøfuglen i Nordatlanteren.

<strong>Sandprøve med tobis:</strong> I samarbeid med Runde Miljøsenter tar Norges geologiske undersøking (NGU) opp sandprøver frå havbotnen. Fiskeslaget tobis, også kalla sil, lever nedgraven i sand om dagen, og kjem opp til sjøoverflata om natta for å beite. I denne sandprøva ser vi også to stykk tobis. ?Foto: Oddvar Longva / NGU
<strong>Mat til ungane:</strong> Lunde med tobis i nebbet. Arkivfoto: Roger Engvik