Politiet melder om ei trafikkulykke på Sørheim, like sør for Eiksundtunnelen, på Ørsta-sida.

Det er ein personbil som har køyrd utfor vegen frå avkøyrsla til fylkesvegen, like ved inngangen til Eiksundtunnelen.

Bilen hadde køyrt ned to gjerde og over ein traktorveg før han stoppa mot ein steingard/mur ved enden av ei bratt skråning.

Foto: Svein Nordal

Det var to personar i bilen. Dei var oppegåande etter utforkøyring, melde politiet i Møre og Romsdal. Naudetatane kom fram til staden rundt klokka 14.30.

Helseetaten sjekka dei som var i bilen, og dei var uskadde.