Av: Anne-Mari Tomasgard

Manglar 39 millionar til folkehøgskule

Den nye Sjøholt folkehøgskole er blitt dyrare enn rekna med for Indremisjonsforbundet. Sunnmørsposten har tidlegare skrive at forbundet som følgje av situasjonen vurderer å selje leirstadane i Brusdalen og på Fjellsetra.

No har forbundet sendt spørsmål til alle kommunane på Sunnmøre, der dei ber om støtte for å bidra til å løyse den vanskelege situasjonen. I brevet går det fram at prosjektet er blitt 39 millionar kroner dyrare enn det skulen har økonomisk bereevne til.

Skulen er blitt dyrare av fleire grunnar. Det gjeld blant anna renovering av hovudbygget, kraftig prisstigning, tidspress for ferdigstilling, lener byggetid, heiter det i brevet til kommunane.

Siste nytt