– Det er greitt med skatt, men ikkje greitt at det er dobbelt så dyrt for hytteeigarane, seier leiar for Roaldsida veglag, Odd Christian Øverland.

Veglaget har ansvar og vedlikehald for vegnettet til 97 hytteeigarar. Det finst ulike veglag og hyttelag på Strandafjellet.

– Urettferdig

– Alle forstår den vanskelege økonomiske situasjonen til Stranda kommune. Den er krevjande for alle partar. Kommunen si oppgåve er å få økonomien i forsvarleg stand og har fått ti år på seg frå fylkesmannen for å ordne opp.

Men i motsetnad til andre kommunar vert fritidsbustader her taksert høgare enn faste bustader. Faktisk dobbelt så høgt. Dette er både ulogisk og urettferdig, seier Øverland og peiker på at hytteeigarane i liten grad nyttar seg av offentlege tilbod som skule, helse og omsorg slik kommunens innbyggjarar gjer. Derimot tilfører hytteeigarane verdiar til kommunen når dei kjøper varer og tenester i ei bygd på nokre få tusen.

– Ikkje lovleg

– Når kommunen på denne måten vil skattlegge dei som nyttar anlegget, skal det vere ein nullsumrekneskap. Det er ikkje meininga at kommunen skal tene på det. Men i Stranda vert skattetaksten for hytteeigarane altså dobbelt så dyr, seier Øverland som vil ha ei vurdering av lovlegheita av kommunens vedtak.

– Dersom du har eit hus på 100 rutemeter vil den bli taksert til 12.000 kroner rutemeteren, medan ein fritidsbustad blir taksert til 24.000 kroner rutemeteren. Det er 100 prosent auke for fritidsbustaden. Saman med skattlegging av såkalla ytre faktor, som utsikt, vil ei hytte i Stranda med same storleik bli taksert til cirka tre millionar kroner og få ein skatt på cirka 6.000 kroner. Medan fastbuande med like stor bustad får ein skatt på 2.400 kroner. Ein kan få inntrykk av at hytteeigarane må ta på seg ein vesentleg høgare skattebyrde enn dei fastbuande. Vesentleg ulik behandling er i strid med lova, seier Per Olav Øverland.

<strong>lovstridig:</strong> – Denne forskjellshandsaminga kan fort slå tilbake, meiner leiar for veglaget på Roaldsida, Per Olav Øverland. Arkivfoto