– Då set vi vår lit til Kristeleg Folkeparti.

Med desse orda takka stabssjef Ivar Hatlelid ved HV 11 for møtet, i samband med at partileiinga i KrF var i Ålesund måndag.

Heimevernsdistriktet, som kan mobilisere 3.200 soldatar, i Møre og Romsdal og Nordfjord, kjempar for eksistensen. Regjeringa har foreslått nedlegging, som ein del av forsvaret sin langtidsplan.

– Framtida til HV 11 er eit spørsmål som betyr mykje for regionen her, og som kan kome til å prege valkampen. Her er det H og Frp som går i bresjen for å leggje ned HV 11 og det trur eg veljarane legg merke til. Forsvinn Setnesmoen, vert den aldri gjenoppretta, seier Knut Arild Hareide.

Kritisk

Han er kritisk til regjeringa sine konklusjonar om nedlegging.

– Eg er usikker på kva som er argumenta for nedlegging. Eg har vanskeleg for å sjå at det er økonomiske argument, sa Hareide på møtet med HV 11.

Støtta til HV 11 var ikkje utan atterhald. For partiet har ikkje avgjort korleis dei vil stemme i Stortinget.

– Vårt mål er å få til ei brei semje om langtidsplanen til forsvaret, sa Hareide.

Leiar i distriksrådet for HV 11, Per Devold, og stabssjef Ivar Hatlelid, peika begge på at dette handlar om langt meir enn forsvarspolitikk og arbeidsplassar.

– Heimevernet spelar ei viktig rolle for beredskapen, ikkje minst knytt til naturkastrofar som orkanar og ras. Vi skal ikkje berre brukast i krig og krise, men også i fred og krise, sa stabssjef Ivar Hatlelid, som snakka på vegner av arbeidstakarorganisasjonane.

<strong>Kamp:</strong> - Dette handlar om meir enn forsvarspolitikk, seier stabssjef i HV 11, Ivar Hatlelid.