– Med Strynefjellet i for dårleg forfatning sendte Sunnmøre regionråd IKS fredag 9. desember ein uttale om fleire fjellovergangar og riksvegar som sårt treng utbetring, skriv dei i ei pressemelding.

Støttar Hemsedal

Regionrådet vil støtte Statens vegvesen i KVU-rapporten som anbefalar rv 52 Hemsedalsfjellet i tillegg til E134 Haukelifjell.

– Det er desse to fjellovergangane som kombinert dekker dei sentrale behova med redusert reisetid og transportkostnader for næring- og persontransport. Samtidig som at det trengs betra vinterregularitet.

(saka held fram under)

Liten godstrafikk

Regionrådet er klar på at det trengs utbetring over Strynefjellet, og meiner vegen er så dårleg at godstransporten ikkje vil køyre der. Både standard i tunnelar og rasfare er årsakene, og Sunnmøre regionråd ber om at ein ny tunnel vert bygd.

Ein ny tunnel vil avlaste E136 og sørge for betre utnytting av Kvivsvegen og Eiksundsambandet, meiner rådet.

Om det blir ny tunnel på Strynefjellet, så ber regionrådet om at det vert tunnelarm til Geiranger, noko som vil utløyse heilårsturisme til verdsarvbygda.