Dette seier attenåringen Robin Eiksund frå Myrvågane i Herøy kommune. Han er med og frontar satsinga ved Furene as i Volda, der det store målet er å få unge tilbake til skulebenken – eller ut i løna arbeid. Opplegget er lagt opp i samarbeid med oppfølgingstenesta ved utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Vil gå på skule

Robin Eiksund var ferdig med vidaregåande, men oppdaga at han hadde valt feil retning. No vil han gjere eit byte og gå over på linje om naturbruk og halde fram der.

– Vi har gjort mykje meir enn å snikre trebenkar dette året i Furene. Alt i alt har dette fått meg på trua til å gå tilbake og halde fram med vidaregåande skulegang, seier Robin Eiksund.

Gjer som fleire enn 26.000 andre - lik smp.no på Facebook

Nøgd

– Det er veldig kjekt å oppleve at vi kan lukkast med opplegget vårt, og at unge personar kjem seg tilbake til skulegang eller inn i arbeid. Vi har fått ei høg måloppnåing på dette, konstaterer Børge Sætre.

Han fortel at det dessverre ikkje er plass til alle som ønskjer å få vere med.

Spent

Møreforsking har vore inne og evaluert prosjektet, etter første året som var i fjor.

– Eg er spent på rapporten frå forskarane, som kan verke inn på opplegget vårt dei komande to åra av prosjektet, seier Børge Sætre.

Han fortel at sjølv om nokre av ungdommane får seg arbeid etter undervisninga i Furene, så vel fleirtalet likevel å ta opp att tråden og halde fram på skulen – der dei droppa ut.

Gratis benk

Heilt handfast resultat av prosjektet er altså produksjonen av ti såkalla kvilebenkar, som Sparebank 1 Søre Sunnmøre gjekk inn og sponsa.

– Vi var ikkje i tvil om at dette er eit godt og viktig tiltak, og at vi ville vere med og ta materialkostnaden med dette benke-prosjektet, seier Vidar Egset frå banken.

Han fortel at det no er ti slike benkar som skal fordelast til interesserte frå heile søre Sunnmøre.

– Vi satsar på å marknadsføre benkane på Facebook. Der kan folk eller lag og organisasjonar melde si interesse og argumentere for at dei treng ein slik benk, inviterer Vidar Egset i Sparebanken.

Les fleire nyheiter frå Søre