– Produktet er pakka i feil emballasje og har vorte merkt som «Scampi med thai-inspirert krydder». Pakken inneheld likevel skaldyrmiks. Produktet inneheld allergenet fisk, og dette allergenet er ikkje merka på emballasjen, skriv Rema 1000 i ei pressemelding.
Tilbaketrekkinga gjeld produktet som har siste forbruksdag 19.10.2023.
– Forbrukarar som har produktet, kan levere det tilbake i butikk og få igjen pengane, eller kaste produktet, skriv Rema 1000.
Dei presiserer at produktet er trygt å ete for dei som ikkje har fiskeallergi.
(©NPK)