Varselet gjeld for fjellovergangane i Strynefjellet, Sognefjellet og Dovrefjell frå torsdag morgon til fredag kveld.

Det er venta snø over 500–700 meter.

På si nettside minner Meteorologisk institutt om at det derfor er nødvendig med vinterdekk desse stadane, og at reisande må berekne ekstra tid.

Konsekvensane av snøfallet kan bli både kolonnekøyring og stengde vegar, skriv Meteorologisk institutt.