– Vi trur at hovudårsaka til nedgangen i laksefisket er at færre laks har overlevd i sjøen, seier seniorrådgivar Geir Moen hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal i ei pressemelding.

Vitskapleg råd for lakseforvaltning, eit uavhengig råd oppretta av Miljødirektoratet, peikar nettopp på redusert overleving ute i havet som grunn til nedgangen.

– Dei meiner den reduserte overlevinga kan komme av klimaendringar eller andre forhold, og også lakselus som tek livet av mykje laksesmolt på veg ut til havet, fortel Moen.

Sjølaksefisket med kilenot var også nesten halvert frå 4,3 til 2,4 tonn laks.

(©NPK)