– Først blei eg betre, men så har tilbakefalla blitt kraftigare og kraftigare, fortel Iselin Vartdal Aam til NRK.

Iselin fekk korona, men ho kom seg ikkje til igjen med det fyrste.

– Då byrja eg å slite med utmatting og gløymsel. Det har påverka resultata på skulen ganske mykje, seier avgangseleven ved Volda vidaregåande skule.

Legen hennar gav ho ein kur med energitilskot. Det hjalp ifølgje NRK berre ei lita periode.

– Eg skulle skru på mobilen min, men klarte ikkje å trykke ned knappen, fortel Aam.

Gjennom Instagram fortalde Iselin historia si til omverda.

19-åringen har vanskar med å sjå framover. Tilbakefalla blir berre verre og verre, og hittil har det ifølgje NRK ikkje vore teikn til betring.

– Ingen tiltak eg har prøvd har vore effektive i å stoppe det, seier ørstingen.

Vartdal Aam håper ei spesialistavdeling ved sjukehuset i Ålesund kan gi henne hjelp.

Iselin er veldig glad i å gå på fjellet,men dette må ho ta seg ei pause ifrå grunna forma. Foto: Privat.
Her fortel Iselin kva det er som feiler henne. Foto: Skjermdump frå Instagram.