Nedlegginga inneber også at Sbanken-appen forsvinn og blir erstatta med ein ny app, skriv E24.

Ein del tenester vil likevel ikkje vere klare i appen frå start, og ein må bruke nettbanken til DNB for å få tilgang til desse tenestene i overgangsperioden.

I tillegg forsvinn barne- og ungdomskort, og prisane på indeksfond blir skrudd opp, ifølgje avisa.

Den største banken i Noreg la 11,1 milliardar kroner på bordet for å kjøpe Sbanken i 2021. Etter å ha møtt motstand frå både Sbanken-kundane og frå Konkurransetilsynet, fekk oppkjøpet til slutt godkjenning i mars 2022.

– For meg er det uaktuelt å vere kunde i ein bank som ikkje har eigen nettbank, seier Marius Bjørnstad Kotsbak, som er medlem av Facebook-gruppa «Sbanken kundeflukt», til E24.

Gruppa vart oppretta etter DNB-oppkjøpet og har i dag 14.000 medlemmer.

Julia Stelzer Pettersen i DNB erkjenner at det er ei stor endring, men seier at 80 prosent av påloggingane til Sbanken allereie går føre seg gjennom den nye appen.

– Det stemmer at informasjonen vi har sendt ut, viser at produktutvalet i Sbanken-konseptet blir noko smalare og annleis skrudd saman framover, men det skal halde fram med å dekkje dei behova som vi veit at kundane har, seier ho.