I ein trafikkontroll på Aure i Sykkylven onsdag ettermiddag fekk ein tungbilsjåfør 1.500 kroner i gebyr fordi han ikkje kunne framvise kjettingar. Det blei også gitt såkalla bruksforbod og pålegg om å skifte dekk til ein av vogntogsjåførane, opplyser politiet. Kontrollen er eit ledd i politiets aksjonsveke, der dei kontrollerer tyngre køyretøy.