– Det har vore ein god sesong for The Fjords og turistferjene mellom Hellesylt og Geiranger. Ut august var trafikken 40 prosent over det budsjetterte, og både september og oktober har hatt bra med trafikk.

Det fortel kaptein Einar Borge Eide på ferja «Veøy» til hellesylt.info.

Ikkje kinesarar

Han legg til at etter to sesongar med koronapandemi, der det stort sett var berre norske turistar, har det i år kome mange europeiske reisande. Men trafikken har ikkje kome opp på 2019-nivå, for kinesarane har mangla.

I haust har mellom anna ferja frakta ein del turistar frå Hurtigruta som har gått i land på Leknes i Hjørundfjorden. Deretter er dei blitt bussa gjennom Norangsdalen via Hellesylt til Geiranger.

Nye motorar

Kaptein fortel at no skal dei to turistferjene «Bolsøy» og «Veøy» begge på verkstad for å få sett inn meir miljøvennlege motorar, slik at dei er klare for neste års turistsesong som tek til 1. mai.

I mellomtida skal altså Fjord1 trafikkere strekninga med tre daglege avgangar. Dei skal bruke ferja «Aukra».