Møre og Romsdal 110-sentral melde klokka 14.16 tysdag ettermiddag at Ørsta brann og redning rykte ut til Dalevegen i Ørsta.

110-sentralen fortel i meldinga at det er ein automatisk brannalarm som har løyst seg ut.

Brannfolka kunne raskt konstatere at steikeos var årsaka til alarmen, og kunne dermed trygt returnere til brannstasjonen.