– Når det blir for mykje granulat i magen på fisken, vil han rett og slett stryke med fordi han ikkje klarer å fordøye den. Dessutan kan dette stoffet etter kvart ende opp som mikroplast i økosystemet – og til slutt bli ein del av maten vi et.

Det seier Jan Melseth, leiar i elveeigarlaget i Sykkylven.

Han legg til at før den siste snøen kom var granulaten lett synleg.

– Då var snøen heilt svart langs elva. Og når snøen smeltar, hamnar den i elva.

Melseth seier at styret i elveeigarlaget krev strakstiltak for å stoppe ei slik forureining.

– Snøen som ligg der bør fjernast og reinsast, seier han.

Halstein Kurseth, einingsleiar i Sykkylven kommune, seier til avisa at dei no skal sjå på saka og vurdere eventuelle tiltak.

Har brukt millionar

Jan Melseth i elveeigarlaget strekar under at elveeigarlaget gjennom fleire år har brukt millionar av kroner på å kultivere og oppgradere Aureelva.

– I fjor vart det teke 520 fiskar i elva. Også av den grunn er vi opptekne av at den jobben som er gjort ikkje må bli øydelagt av at økosystemet blir pepra fullt av plast.

Granulat er eit stoff på storleik med eit korn, laga av gummi – ofte brukte bildekk. Det blir nytta på ca. 80 prosent av landets 1500 kunstgrasbaner i Norge for å halde banen på plass, og som demping.

Miljøproblemet knytt til granulat har ført til at Stortinget no har vedteke at alle kunstgrasbaner innan 1. januar 2019 må ha utstyr for å fange opp granulat. I dag går desse bitte små gummipartiklane ofte rett i avløpet.

Gransking

Norsk institutt for bioøkonomi undersøkte 26 kunstgrasbaner på Austlandet, og fann at over 100 tonn granulat frå desse banene hopar seg opp i naturen. Forskarane kalla funna for oppsiktsvekkande.

Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal, forstår at elveeigarane er bekymra:

– Når dette til slutt endar som mikroplast i økosystemet, vil det aldri vere råd å bli kvitt det igjen. Og det er grunn til å tru at alt levande, frå fisk til folk, ikkje har godt av dette, seier Folden.