Sunnmørsposten omtalte førre tysdag interne e-postar frå drift- og eigedomssjef Mona Aagaard-Nilsen i helseføretaket. Ho skreiv mellom anna i fjor haust at det var eit mål å halde utviklinga av Volda sjukehus innanfor dagens bygningsmasse. Konsulentane som jobba med bygningsmessig utviklingsplan tilpassa seg og slo fast: «Ingen bygningsmessige utvidelser i Volda er foreslått (!)».

Aagaard-Nilsen meinte at dei interne e-postane kunne bli feiltolka, og at ho ikkje hadde avvist arealutviding i Volda.

Nye bygg i Volda

Torsdag publiserte helseføretaket nye skisser med forslag som skal fram for diskusjon. Desse viser at det kan bli arealutviding i Volda.

Presentasjonen har fleire alternative løysingar. Det er foreslått både nybygg og ombygging i tre ulike scenario ved Volda sjukehus.

Scenario 1 - Med to tilbygg

I dette scenarioet er det snakk om eit mindre tilbygg som gir arealauke og betre løysingar for akuttmottak, poliklinikk, intensiv/postop., lab. og delvis sengeområde.

Sengepostane held i hovudsak fram slik dei er, men det er aktuelt med 4-6 einsengsrom i kvar etasje. Operasjon held fram, men får auka areal til postop. og intensiv, heiter det i utkastet frå Semco/Nordic.

Til saman er det tenkt to tilbygg.

Illustrasjon av Volda sjukehus med to nye tilbygg. Foto: NORDIC/SEMCO

Scenario 2 - Nybygg for behandling

Her kan det bli eit nytt behandlingsbygg med operasjon og intensiv over parkeringsplassen på nordsida av sjukehuset. Med nybygget blir det meir areal tilgjengeleg i eksisterande bygg. Det gir meir plass til dagbehandling, poliklinikk og endoskopi.

– Akuttmottak får mogleg auka areal til observasjonspost ved å ta areal frå poliklinikk i plan 1. Lab. held fram med si plassering, og kan få noko auka areal i eksisterande poliklinikk.

Sengepostar held fram som før, men det kan bli nokre einsengsrom der det i dag ligg dagbehandling og skopi. Operasjon får ei heilt ny «tidsmessig» løysing i nybygget, meiner konsulentane.

Skisse med nybygg for behandling. Foto: NORDIC/SEMCO

Scenario 3 - Nybygg med senger

Det kan bli eit nytt sengebygg over parkeringsplass på nordsida av Volda sjukehus. Bygget får to etasjar med sengepostar med totalt 56 nye einsengsrom. Føde/barsel held fram på plan 3. Forslaget gir meir plass til dagbehandling, poliklinikk og endoskopi.

Når det gjeld akuttmottak og lab., blir situasjonen den same som i scenario 2.

Forslaget legg opp til eit meir moderne og «tidsriktig» Volda sjukehus som sørgar for standardiserte einerom med eige bad (bortsett frå barsel). Operasjon held fram som i dag, men kan få meir areal ved at endeskopi og skiftestue flyttast.

Felles for alle forslaga så held bildediagnostikk fram med same plassering som i dag. Dei kan få meir areal i eksisterande bygg, mellom anna til ein større MR. Det er også aktuelt å få på plass luftsmitteisolat i avdeling for intensiv og sengepost.

Skisse med nytt sengebygg. Foto: NORDIC/SEMCO

Skal diskutere vegen vidare

I oktober i fjor vart arbeidet med den bygningsmessige utviklingsplanen satt på vent. No er prosessen i gang igjen, med auka involvering av tilsette og tillitsvalde, opplyser Helse Møre og Romsdal.

Konsulentar frå Semco/Nordic legg no saman med ei prosjektgruppe fram skisser til diskusjon for Volda og Ålesund sjukehus. Målet er å få konkrete tilbakemeldingar og innspel på løysingar.

– Helse Møre og Romsdal har to viktige planarbeid i gong som skal ferdigstillast om kort tid. Den eine, «Utviklingsplan 2019-2022», handlar om den fagleg utviklinga til HMR, medan «Bygningsmessig utviklingsplan» handlar om korleis bygg og infrastruktur må tilpassast den faglege utviklinga, skriv føretaket.

Byggplanen har ein horisont fram mot 2035 og omhandlar alle bygg utanom Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) som er heilt nytt i 2022. SNR er allereie utgreia i konseptrapporten.

Det blir dialogmøte i Volda 16. januar og 17. januar i Ålesund.