– Vi får stadig meldingar om at hytteeigarar, som bruker fritidsbustadene sin mykje gjennom heile året, no har flytta på hytta på grunn av høge straumprisar, seier generalsekretær Audun Bringsvor i Norsk Hyttelag til Nationen.
Han viser til at bakgrunnen for dette er ei ordning som opnar for at hushald som har fått dispensasjon frå kommunen til å bu i fritidsbustaden permanent, vil ha rett til straumstøtte.
Hytter kan ikkje utan vidare bli godkjende som permanent bustad. Dei må tilfredsstill ei rekkje byggjetekniske krav for å bli godkjende som heilårsbustad.
– Vi får også meldingar om at ein del hytteeigarar som har søkt om å få flytte til ein hyttekommune får nei, seier Bringsvor.
(©NPK)