Det er mange yrkesgrupper som må jobbe om natta. Skiftarbeid slår ulikt ut hos ulike grupper, viser forsking. Kvinner og overvektige slit mest. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Drosjesjåførar må ofte køyre om natta. Ein ny studie stadfestar at spesielt kvinner og overvektige får helsemessige plager av nattarbeid. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK

Tidlegare studiar har vist at skiftarbeid er knytt til ei rekkje helseplager – og at nattarbeid kan gi auka risiko for alzheimer og andre nevrodegenerative sjukdommar.

Forsking har også vist at spesielt kvinner, så vel som personar med overvekt, blir meir påverka av nattskiftarbeid enn menn og personar med normalvekt.

For å prøve å finne ut kvifor det er slik og korleis individ blir påverka av ei heil natt utan søvn, inviterte forskarar ved Uppsala universitet 47 friske individ mellom 20 og 33 år til å delta i ein kort søvnstudie. Studien vart nyleg publisert i tidsskriftet Translational Psychiatry.

Verken kaffi eller mat

Deltakarane hadde to netter med minst éi vekes mellomrom i søvnlaboratoriet. Den første natta fekk dei sove, noko dei gjorde i gjennomsnitt sju timar. Den neste natta skulle deltakarane halde seg vakne. Dei fekk sjå seriar, snakke, lese eller drive med liknande, rolege aktivitetar. Dei fekk likevel ikkje ete eller drikke anna enn vatn.

Kvar annan time gjennomførte dei ulike testar for å sjekke merksemda og svarte på spørsmål om kor søvnige dei var. I ein test vart deltakarane bedne om å lukke auga utan å sovne.

– Vi såg ingen forskjell når det gjaldt merksemdstestane, men når dei måtte lukke auga og halde seg vakne, hadde kvinner og personar med overvekt mykje lettare for å sovne. Dei sov også lenger, seier Lieve van Egmond, doktorgradsstudent ved Uppsala universitet og hovudforfattar av undersøkinga.

Målte biomarkørar

Forskarane målte også nivå av ulike stoff, biomarkørar, i blodet på deltakarane etter begge netter. Mellom anna tau-proteinet, som er knytt til auka risiko for alzheimer.

Etter den søvnlause natta hadde personar med fedme høgare nivå av dette proteinet enn normalvektige. Etter vakenatta hadde kvinner, uavhengig av vekt, høgare nivå av visse andre stoff knytt til nedbryting av celler i hjernen.

Lieve van Egmond påpeikar at dette er ein liten studie som undersøkte effekten av éi enkelt vakenatt. Ho seier at det trengst meir omfattande studiar for å få kunnskap om korleis hjernen blir påverka etter lengre periodar med skiftarbeid.

Håpar å hjelpe

– Men eg vart overraska over kor store forskjellane var mellom gruppene etter éi natt. Sidan det er umogleg å ha eit samfunn utan skiftarbeid og vakenetter, må vi lære korleis vi kan gjere det lettare for dei som må jobbe om natta, og redusere risikoen for at hjernen blir påverka negativt. Spesielt gjeld dette desse risikogruppene, understrekar ho.

Kvifor kvinner viser høgare stressnivå etter ei søvnlaus natt, kan ikkje forskarane svare på gjennom denne studien. Når det gjeld fedme, er det allereie kjent at det er knytt til raskare hjernealdring.

Det er også kjent at personar med fedme oftare viser andre tilstandar som kan gjere hjernen meir kjenslevar for søvnmangel, til dømes låggradsbetennelse.

Fakta om skiftarbeid og helse

* Å jobbe skift betyr at du jobbar til ulike tider på døgnet, til dømes seine kveldar eller natt.

* Forsking har slått fast at skiftarbeid er ei belastning for fysisk og psykisk helse. Dei vanlegaste problema er mangel på søvn, forstyrra søvn og trøyttleik.

* I tillegg viser søvnforsking at søvnkvaliteten blir dårlegare og døgnrytmen blir forskoven med alderen.

* På grunn av sterk trøyttleik blir merksemda påverka, og risikoen for ulykker og yrkesskadar aukar ved skiftarbeid.

Kjelde: Stressforskingsinstituttet, Stockholms universitet.

(©NPK)