195.000 fleire jobbar i Noreg vil seie ein oppgang på rett under sju prosent, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).

Veksten var særleg høg for den yngste aldersgruppa. Frå andre kvartal i fjor til andre kvartal i år kom det til over 62.600 fleire jobbar for dei under 25 år. Det er ein auke på over 17 prosent.

– Med ein auke på 62.600 jobbar stod dei under 25 år for 32 prosent av veksten, seier seniorrådgivar i seksjon for arbeidsmarknad og lønn Håvard Lien.

Han seier at overnattings- og serveringsverksemd, der etterspurnaden etter arbeidskraft har vore høg den siste tida, står for over 37 prosent av veksten i talet på jobbar for denne yngste aldersgruppa.

I andre kvartal i år var det over 3 millionar jobbar i Noreg.

(©NPK)