No kan det gå månadsvis før det blir ei avklaring om kva Vågsøy vil i kommunereforma.

Det er Vågsøy Høgre som ser ut til å ha fått kalde føter. Eit vedtak om å slå kommunen saman med Flora vart først utsett ei veke. No blir det truleg utsett i månadsvis, i eit ekstraordinært kommunestyremøte torsdag. Fjordenes Tidende skreiv først om saka.

I ei pressemelding skriv Vågsøy Høgre at dei ønskjer å mobilisere ei sterkare kystsatsing. Dei vil derfor snakke både med Bremanger, Selje og Eid, med mål om ein avtale 01.01.18.

Vågsøy og Flora grensar ikkje til kvarandre. I ei folkerøysting i fjor sa innbyggjarane i Vågsøy nei til samanslåing.

Morten Hagen og resten av Vågsøy Høgre har fått kalde føter i kommunereforma i Vågsøy. Foto: Arkivfoto