Fredag vart det kjent at regjeringa går inn for å lovfeste nettolønsordninga.

Men sjømannsorganisasjonane jublar ikkje.

– Dette er tannlause greier. I praksis vert ingenting endra, sjølv om det rett nok gir litt meir forutsigbarheit, seier Stian Grøthe, som er direktør for politikk i myndigheitskontakt for sjømannsorganisasjonane.

Lovfestinga vert presentert som ei positiv nyheit av Framstegspartiet sin talsmann Oskar Grimstad.

Bitre sjøfolk

Men Grimstad står lågt i kurs hos Sjømannsorganisasjonane etter det som skjedde tidlegare i veka. Då var Framstegspartiet med på å stemme ned eit forslag i Stortinget om å greie ut eit forslag om at alle sjøfolk som opererer i norske farvatn skal ha krav på norsk løn.

– Grunnen til at vi landa på nei, er at vi ikkje ønskjer å gi falske forhåpningar til norske sjøfolk om allmenngjering av norsk sokkel, sa Oskar Grimstad, til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB) tysdag.

Sosial dumping

Sjømannsorganisasjonane fryktar aukande utflagging og sosial dumping på norskeigde skip, og demonstrerte utanfor Stortinget, utan å nå fram.

– Mange hundre sjøfolk har blitt arbeidsledige, og mange hundre til kan bli det. Politikarane, mellom dei Oskar Grimstad, hadde ein historisk sjanse til å gjere noko med det, men svikta då det gjaldt som mest, seier Stian Grøthe på vegner av sjømannsorganisasjonane.

Ap positive

I det største opposisjonspartiet vert derimot lovfestinga av nettolønsordninga applaudert.

– Eg er glad for at næringa no får meir forutsigbarheit, men også for at vi endeleg har fått gjennomslag for eit viktig punkt i Arbeiderpartiet sitt partiprogram, seier Else-May Botten, næringspolitisk talsperson i Arbeiderpartiet i ei pressemelding

Stian Grøthe, direktør for politikk i myndigheitskontakt for sjømannsorganisasjonane.