Dette seier ordførar Stein Aam (Sp) i Ørsta. Sunnmørsposten fekk vere med han og byggjeleiar Frank Flusund på ein snartur innom dei oppstreka byggjegrensene.

Universelt forma ut

Rett innanfor det som blir hovudinngangen er eit nesten uendeleg langt garderobeanlegg i massiv betong. Her skal vere plass til alle idrettar, innandørs som utandørs, til dommarar og utøvarar. Dørene er breie og alle trapper og svingar romslege.

– Det er lagt ei særleg vekt på universell utforming i dette bygningskomplekset. Det skal særleg varaordførar og vaktbikkje på vegner av laget for rørslehemma, Karen Høydal, ha ære for. Dermed kan dette bli eit anlegg for alle, syner Aam.

Opning til jul i år

I sin første fireårsperiode som ordførar har Aam fått vere med på så vel slutthandsaminga av gigantprosjektet politisk, første spadestikk, riving av det gamle- og bortimot legendariske klubbhuset og – med god margin – vil han få sjå sluttføringa av den nye idrettsstova.

– Nesten i meste laget dette Aam – for ein politikar som også har hatt hjartet sitt i Ørsta-fotballen gjennom fem tiår?

– Det er heilt på grensa, men eg skal nok tole det! Hallen opnar i juletider i år, dersom alt går etter planen.

– Men så fint som det har gått hittil, så kjenner eg meg trygg på at alt vil gå etter timeplanen vidare også, seier Stein Aam.

Ein ruvande klatrevegg

Saman med prosjektleiar Frank Flusund kan han syne fram arenaer for eit stort mangfald av idrettar og øvingar. Mest ruvande per dags dato er den atten meter høge og dobbelt så breie klatreveggen som også markerer endeveggen på storhallen. Her skal det trenast på alt frå skarpklatring frå spesialistane i fjellredningsgruppa, til rein hobbyklivring. – Speleflater og tribunar er organiserte slik at hallen lett kan organiserast som landskamparena i handball.

– Men her er også gjort plass til friidrett med mange øvingar innandørs, syner Frank Flusund. Bak tribunane i andre høgda skal det første åra vere fire klasserom for undervisning, til å avhjelpe rommangel i grunnskulen.

– Så at dette verkeleg er ein fleirbrukshall skal ingen tvile på, smiler Stein Aam. Bygget kostar 190 millionar kroner.