foto
MF Ullensvang og MF Tidefjord, midtfjords på ferjesambandet Festøya – Solavågen. Foto: Privat

Tre gongar på ei veke har ferja «Ullensvang» frå 1986 fått tekniske problem. To gonger har det vore motorstopp ute på fjorden. Éin gong har det vore trøbbel med hydraulikkanlegget som skulle opne luka til det nedste bildekket.

– Det er veldig beklageleg, det som har skjedd. Det er det same problemet dei to gongane med motorstopp. Det er ein smørjeoljelekkasje, seier kommunikasjonssjef Cathrine Gjertsen i Norled.

– Vi veit ikkje heilt kvifor det skjer. Men det er verft i nærleiken. Og motorleverandør er tilkalla for å finne årsaka, seier Gjertsen vidare.

Reserveferje

«Ullensvang» har denne veka vore reserveferje for den relativt nye «Festøya» frå 2020. «Festøya» har vore på verkstad for å bli klargjort til elektrisk drift. Samtidig har ferja fått den årlege servicen. Dette skulle ta ei veke. No vart dette korta inn med ein dag på grunn av dei tekniske problema med «Ullensvang».

På seks dagar har reserveferja vore ute av drift i nesten tre dagar.

Skal snart inn igjen

Tysdag morgon var «Festøya» tilbake i drift.

– Det høyrest ut som godt nytt for trafikantane.

– Ja, men også «Solavågen» skal klargjerast for elektrisk drift, som den siste av dei tre ferjene i sambandet. Då skal etter planen «Ullensvang» inn igjen som reserveferje, seier driftsleiar Steinar Johnsen.

Historikk

Fram til 2015 gjekk «Ullensvang» i trafikk i Ryfylke.

– Det var mykje tull med dei ferjene. «Ullensvang» gjekk i sambandet saman med to like ferjer, «Stord» og «Bjørnefjord». Det var problem med alle tre, sa redaktør Gaute Henriksen i lokalavisa Strandbuen til Vikebladet den gong.

Så kom ferja til sambandet Hareid – Sulesund, og var der ut 2018. Eit tilbakevendande problem var dekksluka til nedre bildekk. Januar 2020 var «Ullensvang» tilbake på Sunnmøre, no som reserveferje Solavågen – Festøya.

– Finst det reservedelar til så gamle ferjer?

– Det er ikkje noko problem å finne motordelar, men fokuset no er å finne ut kva som er årsak til oljelekkasjen, seier Gjertsen.

PS Tysdag kveld og også onsdag denne veka har det vore teknisk problem med MF «Ullensvang» sitt søsterskip MF «Stord», som går som reserveferje på E39 Lavik – Oppedal over Sognefjorden.