Av: Anne-Mari Tomasgard
50 nye millionar til satsing på Hellesylt
Selskapet Hyon har gjennom ein retta emisjon henta inn 50 millionar til vidare utvikling og vekst.
– Vi skal levere bunkringsteknologi til verdas første kommersielle fyllestasjon for trykksett hydrogen for maritim sektor ved Hellesylt Hydrogen Hub, seier Jørn Kristian Lindtvedt, som er administrerande direktør i Hyon i ei melding som er lagt ut på Euronext før helga.
Selskapet blir no verdsett til 130 millionar kroner, og firmaet har som mål å bli notert på børs med det første.
Hyon blei grunnlagt i 2017 og har hovudkontor i Oslo. Dei vil bidra til energiomstilling i maritim sektor, og har som mål om å vere den leiande leverandøren av bunkringsløysingar for hydrogen.