Bilføraren i 30-åra hadde altfor høg fart då han køyrde sørover E6 i Gudbrandsdalen ei natt i februar.

I Øyertunnelen blei farten målt til 136 km/t, men med frådrag for sikkerheitsmargin er han no dømd for å ha køyrt i 135 km/t. Det er 80-sone på staden.

Bilføraren har tilstått forholdet, som også blir bevist med opplysningar frå den automatiske trafikkontrollen på staden.

Sogn og Fjordane tingrett har dømt mannen frå Stad kommune til 36 timar samfunnsteneste, som må gjennomførast i løpet av 90 dagar.

I rettspraksis går grensa for ubetinga fengsel normalt sett ved 136 km/t.

Mannen må også klare seg utan førarkort i elleve månader og må ta praktisk prøve for å få det tilbake.