Haustferien er i gang på Nordvestlandet, men det er ikkje akkurat ønskevêr som blir varsla for ferierande skuleelevar og andre.

Måndag morgon var det venta ein del nedbør på Sunnmøre, sjølv om nedbørsvarselet var verst sør for Stad.

– På Stad har det kommet 15,8 millimeter det siste døgnet og i Møre og Romsdal har det kommet 5,8 millimeter, seier meteorolog Magni Svanevik til Sunnmørsposten måndag.

I 09.30-tida seier ho at det mest intense regnvêret er i ferd med å passere Ålesund. Resten av dagen melder ho om bygevêr og fortsatt sørvestlig vind.

– Det har regna godt, men mengdemessig har det kommet meir andre stader, seier Svanevik.

Søndag og natt til måndag var vinden oppe i full storm ved Stad, og held fram med sterk kuling og liten storm utover måndagen.

– Tirsdag kan ein vente seg liten til stiv kuling og regnbyger på Sunnmøre, seier Svanevik.

Ho meiner det er lov å vere vêrsjuk, og kjem med ei lita melding om håp:

– Onsdag og torsdag vert det betre. Litt lettere, i alle fall. Det vert ikkje nødvendigvis heilt tørt, men mindre nedbør, og kanskje litt sol i periodar om ein er heldig.