Nyleg var det boklansering på Vestnes folkebibliotek. Dette er årsskrift nummer 27 frå det driftige sogelaget. Per Bjørn Ellingseter har vore redaktør 21 gongar. Han leia møtet der boka vart presentert. I boka finn vi alt frå gode og vonde barndomsminne til båtbyggarhistorie og personar som har gjort seg bemerka i og utanfor bygda.

Boka startar med ei artig historie som Einar Baltzersen har skrive om Einara Stokkeland som fekk bygd det første hotellet på Vestnes i 1889.  Hit kom det gjestar frå inn- og utland, østers frå Flatevågen var populært på menyen. Ei fargerik dame som tok solid utdanning og kom seg ut og jobba både i Oslo og Bergen, for så å vende tilbake til Vestnes. Då ho var barn, var ho omvisar i gamle Vestnes kyrkje, der ho viste fram dei balsamerte lika til futen Alsing og kona som låg i eit gravkammer under kyrkja, tilgjengeleg å sjå for alle.

Slektsforskning og bøn om smør

Kaare Lervik hadde eit interessant innlegg om slektsforskning, som har har gått grundig inn i. Resultatet er både bok og to artiklar i årsskriftet. Martinus Løvik har vore ein flittig bidragsytar til dei lokalhistoriske bøkene. Denne gongen skriv professoren levande om barndomsminne frå Løvika og menneske han møtte der han vaks opp. Han har også ein lengre artikkel om interiør i Tresfjord kyrkje, seterliv og anna.

Ei munter historie ført i pennen av Per Bjørn Ellingseter handlar om politimannen Anders Øverås og den kjente komponisten Per Bolstad under krigen, der Bolstad gjennom brev og dikt  tagg og ba Anders sende han smør til Ålesund, han vart bønnhørt.

Engasjert: Eit engasjert publikum under presentasjonen på Vestnes folkebibliotek Foto: Olav Skjegstad

Postkort i amerikakoffert

Frå Tyskland har Åse Birkenheier levert ei historie om Amerika-Petrina, ei fargerik dame frå Skorgen som reiste ut i verda. Artikkelen er illustrert med ei rekke gamle postkort som Åse fann i ein amerikakoffert i Skorgen.

Robert Vik skriv om historia til «Søblomsten» og starten på Vestnes som båtbyggarkommune, ei fargerik historie som tar oss med frå 1800-talet heilt fram til våre dagar.

Dette er noko av innhaldet i årsskriftet i boka, som er på 236 sider. Eit solid arbeid ligg bak, både frå dei som har levert stoff og produsert boka, som har eit opplag på 700.