Eid kommune har fått tildelt 530 000 kroner som skal brukast til å lage sykkelparkering ved Nordfjordeid skule og Eid ungdomsskule. Det skriv ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding.

– Dette er eit kraftig sykkel-trakk framover for å gjere det enklare og tryggare å sykle til skulen for elevar og lærarar, seier ordføraren i meldinga. Midlane frå Fylkeskommunen kjem etter at Eid har vedteke å satse meir på sykkel som transportmiddel. Ved dei aktuelle skulane går det til saman 600 elevar, og mange av dei bur i sykkelavstand frå skulane.

– Auka bruk av sykkel er ikkje berre bra for klima og miljø – det er også gratis, gjev god helse, er sosialt og gjer det tryggare for andre trafikantar enn om alle skal bli køyrt i bil til skulen, seier Bjørlo.