Fylkesrådmannen foreslo pengar til Nerlandsøybrua frå 2018.

– På initiativ frå meg har fleirtalet i fylkestinget flytta dette eitt år tidlegare, til 2017, seier Bjarne Kvalsvik (Uavh) frå Herøy.

Fylkesrådmannen foreslo å løyve 20 millionar i 2018 og 100 millionar i 2019.

– Fleirtalet i fylkestinget vedtok å løyve 20 mill i 2017, 80 mill i 2018 og 80 mill i 2019, seier Kvalsvik til Herøynytt.

Dette vart vedteke med 26 mot 21 røyster, etter at Kvalsvik fekk med seg Ap, Sp, Venstre, SV og Miljøpartiet.

Halvfinansiert?

Brua er framleis ikkje finansiert, men Kvalsvik seier dette var det beste han fekk til no.

Ei ny bru er venta å koste rundt 370 millionar kroner.

– Det er vanskeleg å få noko inn i budsjettet i det heile, med den store investeringa som er på Nordøyvegen. Men brua er kanskje halvfinansiert no, seier Kvalsvik.

Les også Sunnmørsposten: Blakke fylkespolitikere øker utgiftene

Skuffa over Høgre

Fylkestinget røysta på langtidsbudsjettet punkt for punkt. Dermed kunne Ann-Kathrin Storøy (H) frå Herøy ha stemt mot sitt eige parti på akkurat dette punktet.

– Det var veldig skuffande at heile Høgre gjekk for fylkesrådmannen sitt forslag. Og Ann-Kathrin Storøy frå Herøy røysta for eit alternativ som var vesentleg dårlegare for Herøy, seier Kvalsvik.

– Heile KrF, heile Frp pluss Sunnmørslista røysta imot. Det er oppsiktsvekkande at det var dei partia som har makta i Herøy som stemde det ned, meiner Kvalsvik.

Storøy forsvarer

Storøy forsvarer at ho røysta slik ho gjorde.

– Posisjonen svekka driftsbudsjettet med ca. 70 mill., medan investeringsbudsjettet vart auka med ca. 120 mill.

– Opposisjonen meiner at dette svekker mulegheitene for eit ansvarleg budsjett, og gjer at Møre og Romsdal fylkeskommune er på veg rett inn i Robek som den einaste fylkeskommunen i landet, skriv Storøy i ein kommentar.

Ho understrekar at Nerlandsøybrua på ingen måte er fullfinansiert, og ho lovar at Høgre på fylkestinget vil halde fram med å jobbe for å fullfinansiere ny bru til Nerlandsøy.

Anders Riise (H) legg til at byggestart er føresett i 2018/19.

– Innbyggjarane i Herøy kommune kan vere trygg på at Høgre i tråd med valprogrammet vil legge inn fullfinansiering av ny Nerlandsøy-bru i god tid før prosjektet skal realiserast, skriv Riise i ein epost til Herøynytt.

Nerlandsøybrua har ei levetid på to år før det kan bli vektrestriksjonar i 2017, altså før ny bru står ferdig.

Fylkestinget varer til onsdag. Sjå programmet her (ekstern side).

Følg Herøynytt på Facebook!