1. juli opna Valldal Aktivitetspark, som kan by på 600 meter med klatreløyper fordelt på 26 ulike klatreelement frå høgt oppe i trea til heilt nede med bakken. Også «zip-lines» fins i parken.

Det nye tilbodet i Valldal er tydelegvis noko mange sett pris på, for heilt sia opningsdagen har parken hatt fulle hus.

Følg smp.no på Facebook

– At vi skulle ha full park kvar dag er heilt utruleg. Det hadde vi verkeleg ikkje forventa. Hjelme fortel at dei har klatreutstyr til 80 personar og at med rullering har aktivitetsparken kapasitet til å ta imot mellom 100 og 120 besøkjande på ein gong.

– I sommar har vi vel hatt rundt 110 besøkjande om dagen, legg han til.

Familiefavoritt

Hjelme fortel at dei fleste besøkjande er familiar.

– Det er først og fremst familiar som tek turen hit. Eg trur klatreparken er populær for familiar fordi dei kan gjere ting saman. Det er ikkje slik at det er ein aktivitet for born og ein for vaksne. Her kan alle prøve alt, seier han, og legg til at familiane gjerne er i parken heile dagen.

– På ettermiddagane har vi også framsyning på amfiet med trolla frå Trollstad, så det blir eit variert tilbod.

Les fleire nyheiter frå Indre Sunnmøre på smp.no

Einaste i fylket

Klatreparkar har blitt svært populært dei siste åra og Valldal Aktivitetspark er den einaste klatreparken i Møre og Romsdal. I sommar har dei halde ope seks dagar i veka, frå tysdag til og med søndag, men etter 8. august blir det berre helgeope.

Han fortel at dei berre har fått positive tilbakemeldingar frå dei besøkjande.

– Med unntak av dei som ikkje fekk komme inn fordi parken var full. Dei var naturleg nok skuffa. Hjelme seier at dei skal vurdere om det blir aktuelt å auke kapasiteten i klatreparken.

– Det er noko vi må diskutere. Ettersom dette er første året vi har ope, er det ein del ting vi må sjå på etter at sesongen er over, seier han.

Valldal Aktivitetspark har ope til og med 12. oktober og er open heile veka i haustferien.

<strong>Nøgd:</strong> Dagleg leiar, Erlend Hjelme, er godt nøgd med besøkstalet i sommar og seier det er over all forventning. Foto: Terje Engås.