Takka vere treskjeraren, eller rettare sagt motorsagkunstnaren, Arne Askeland frå Haus i Hordaland. Og campingeigarane Nina og Thomas Wallin-Andersen på Solvang Camping.

– Tor budde i Trudvang. Og no er han komen til Solvang, ler Nina.

Ekteparet fekk høyre om den gamle segna då dei tok over campingplassen i Eidsdal i fjor. Tre skår i fjellet skal ha blitt laga av hammaren til Tor – sonen til Odin.

– For ei tid tilbake såg eg eit tv-program der Arne Askeland laga ein treskulptur av Harald Hårfagre til Lothepus, fortel Nina Wallin-Andersen.

Ho ringde til Askeland, og han kunne overraskande fortelje at han nesten hadde ein skulptur klar. Det stod berre igjen å lage vogn og dei to geitebukkane Tanngnjost og Tanngrisne.

På sokkel

– No er heile skulpturen ferdig og på plass. Han står oppå ein sokkel av stein som naboen vår, Magne Skuseth, og Thomas har laga saman. Så no ragar Tor med hammaren Mjølner heile 3,6 meter over bakken, legg Nina til.

Ho fortel at han er allereie blitt flittig fotografert av forbipasserande, for Tor er det første ein ser når ein kjem køyrande på vegen frå Geiranger mot Eidsdal.

Thomas Wallin-Andersen legg til at no skal ein kortversjon av segna om Tor med hammaren sitt besøk i Eidsdal snart bli å lese på ei plate som han skal feste på sokkelen.

Det energiske ekteparet frå Bergen tok altså over Solvang Camping i fjor. Då fekk dei også mange høge fjell i nabolaget som dei kan springe opp og ned på i ei pause.

For det er ein hobby for paret. Dei har til dømes gjort unna turen opp og ned Mont Blanc, høgaste fjellet i Vest-Europa, 4808 meter over havet, på 15 timar og 55 minutt.

Det var forresten der oppe i den tynne lufta på Mont Blanc at Thomas fridde til Nina. Ho sa ja, og så sprang dei ned igjen.

Oppgradering

Sidan dei om til Eidsdal har dei gjort mykje for å oppgradere campingplassen.

Då er det ein fordel at Thomas har bakgrunn som tømrar. Mellom anna har dei nærast bygd opp eit nytt resepsjonsbygg, og nytt sanitærbygg.

Og det beste av alt: Dei har fått ei heilårs vasskjelde.