– Vi såg først ein bil i spegelen som kom veldig fort. Og så ein til. Og så ein bil som vi ganske fort forstod var ein sivil politibil, fortel kvinna.

Dei var ein familie på tre som var på veg over Ørskogfjellet i oktober. Sunnmørsposten har fått tilgang på ein video som viser at det kunne ha gått skikkeleg gale.

– Vi hadde hjartet langt oppe i halsen. Det var ikkje langt unna frontkollisjon. Det kunne ha gått skikkeleg gale, seier kvinna.

Ho meiner karane som sat i bilane som køyrde forbi dei ikkje kunne ha tenkt mykje på at det var andre i trafikken.

– Dei treng ikkje om å vere så harde på gassen, meiner kvinna.

I videoen som ein kan sjå i toppen av denne saka kan vi også høyre at politibetentane i UP reagerer på åtferden til råkøyrarane.

Ein av dei seier blant anna «å, i helvette».

TV2 viste heile videoen først.

Som Sunnmørsposten skreiv siste veke må to menn i fengsel etter råkøyringa som skjedde i kvar sin bil på Ørskogfjellet. Dei var på veg heim til Austlandet etter å ha kjøpt bil i Ålesund.

Dei to mennene som er busett i Valdres, blei tatt i 158 km/t og 143 km/t i ein fartskontroll på E39 oppover mot Ørskogfjellet i oktober i fjor.

No har Møre og Romsdal tingrett dømt den eine til fengsel i 30 dagar og den andre til fengsel i 25 dagar.

Målte snittfarten

I dommen går det fram at dei to køyrde i same bil til Ålesund denne helga i oktober. Ein av dei skulle hente ein bil han hadde kjøpt, og på veg tilbake køyrde dei i kvar sin bil.

Ein sivil politipatrulje frå UP hadde kontroll på E39, like ved strekninga som er blitt utvida med to køyrefelt. Patruljen skulle overvake trafikken.

Då to bilar blei observert i svært høg fart, følgde patruljen straks etter og sette i gang måling av gjennomsnittsfarten på bilane.

Trass i at politibilen køyrde i over 160 km/t, tok det tid før politiet innhenta dei to bilane, ifølgje dommen.

Det går også fram at det blei lagt inn god sikkerheitsmargin, til gunst for dei to bilførarane.

Retten finn ingen grunn til å tvile på målingane og filmopptaka.

Nektar for så høg fart

Dei to tiltalte har erkjent at dei køyrde for fort i denne 80-sona på E39, men har ikkje erkjent straffskuld.

Bilførarane meiner dei ikkje køyrde så fort som 158 km/t og 143 km/t.

Den eine har forklart at han køyrde i 120–125 km/t og den andre har forklart at han køyrde i 115–116 km/t. Dei har i retten vist til at tett partikkelfilter hindra høgare fart.

Retten kan på si side ikkje sjå at dette har vore til hinder for høg fart og ser heilt vekk frå dei to tiltalte sine forklaringar.

Farleg forbikøyring

Mennene er også dømde for ei farleg forbikøyring på staden.

Ifølgje dommen innhenta dei ein personbil og begge valde å køyre forbi, trass i at det var sving med dårleg sikt.

Retten meiner det ikkje var tilrådeleg med forbikøyring på staden og at dei to bilførarane var aktlause.

Det var stor risiko for uhell og skade, både for motgåande køyretøy, for bilen dei køyrde forbi og for dei sjølve.

Retten finn ingen formildande omstende i saka. Tvert imot er det skjerpande for begge at dei også blir dømde for aktlaus køyring.

Var yrkessjåfør

Den eine bilføraren jobba som yrkessjåfør, og retten meiner ein då må venta at han er ekstra varsam under køyring.

Begge må ta full ny førarprøve for å få rett til å køyre bil igjen. Den eine har fått 25 månader tapstid, medan den andre har fått 19 månader.

Han som køyrde fortast må betale 5.000 kroner i sakskostnader. Den andre, som var yrkessjåfør, er for tida utan inntekt og slepp sakskostnader.