Det går fram av innstillinga frå administrasjonen i bispedømmet som er sendt ut før bispedømmerådsmøtet førstkommande måndag, skriv NRK.

Kyrkjerådet hadde nyleg eit forslag ute på høyring der dei gjekk inn for at Kyrkja ikkje skal kunne forskjellsbehandle søkjarar på grunn av likekjønna samlivsform. Høyringsfristen gjekk ut onsdag denne veka, og Kyrkjerådet vil på bakgrunn av høyringa ta stilling til kva som skal fremjast for Kyrkjemøtet i Trondheim i august. Kyrkjemøtet er det øvste organet i Den norske kyrkja.

Møre bispedømme gjekk sjølv bort frå praksisen om å spørje prestar om samlivsform i fjor haust.

(©NPK)