I dag, laurdag, melder vakthavande meteorolog Steinar Skare om enkelte regnbyer og skya eller delvis skya vêr både på Sunnmøre og i Nordfjord.

Framleis mildt

Temperaturen blir ikkje så verst gjennom helga, den vil dei nærmaste dagane ligge på 13 til 16 grader.

– Det blir mindre vind utover laurdagen enn i går og i natt, seier meteorolog Steinar Skare.

Det er meldt om søraustleg bris, opp i liten kuling i utsette fjell- og fjordstrøk.

– Søndag er ein dag med regnbyer. Utover kvelden blir det vind frå sør og sørvest retning. Ved Sunnmøre kan det kome opp mot liten kuling mot ettermiddag og kveld. I Nordfjord aukar vinden frå sør og dreier meir over mot sørvest, med stiv kuling ved Stad, seier Skare.

Regntung veke

– Det blir haustleg neste veke, seier meteorolog Steinar Skare.

Måndag held fram med enkelte byer, etterfølgt av ein ny nedbørsfront tysdag som gir regn store delar av dagen. Tysdag er det også meldt kraftig vind, oppimot sterk kuling mange stader.

– Det ser vått ut frå onsdag og ut heile neste veke, med stadig nye lågtrykk og nedbørsfrontar over heile Vestlandet.

Det blir også kjøligare utover veka, mot neste helg kan temperaturen bli liggande under 10 grader.